Personlig læringsnettverk (PLN)

  1. Lev Vygotskij la i si tid grunnlaget for eit læringssyn som seier at om vi står saman kan vi nå lengre enn om vi står åleine. All tenking og all intellektuell utvikling har utgangspunkt i sosial aktvitet i følge Vygotskij. Dette læringssynet vert kalla det sosiokulturelle læringssynet. Konnetivismen er eit pedagogisk syn som heng saman med Vygotskij sine tankar. Her vert læring sett på som prosesser for å skape koplingar til andre eller anna, og å begrense eller utvide nettverket sitt.

konnektivsmen

Kva er PLN?

PLN eller personleg læringsnettverk er å lage og bygge personlege relasjonar med for eksempel andre lærarar over heile verda. Der er alltid nokon som er på nett som kan svare på spørsmål, dele kunnskap eller som ein kan samtale med. PLN handlar om å dele idear, ressursar, det handlar om samarbeid og læring.( PLN) PLN er på eit personleg nivå. Læringa føregår hos ein sjølv, som eit individ. Nettverket du nyttar for å utvikle deg sjølv er innhaldet i din PLN. EIn vel sjølv kva for ressursar som er interessante for ein sjølv som person for å auke eigen kompetanse og for å utvikle seg som person. (  wikipedia).

pln-yet-again

PLN står for personlig læringsnettverk og er en metode der studentene aktivt deltar i nettverk (både digitale og analoge) for å bygge kunnskap. Gjennom informasjonsinnhenting, kommunikasjon, samhandling og refleksjon, nås fastsatte læringsutbytter. Lærerens rolle blir veileder, tilrettelegger og motivator.PLN-prosjektblogg

 

Mitt PLN

Når eg først høyrde omgrepet PLN tenkte eg at dette hadde lite med meg å gjere. Men etter kvart som eg las meg opp på kva PLN eigentleg var, skjønte eg fort at eg hadde eit ganske stort PLN sjølv. Dette har sjølvsagt endra seg mykje gjennom åra, etterkvart som internett har vokst seg større.

Tidlegare, når eg har vore student, bestod mitt PLN hovdusakleg av bøker, leksikon, dei aktuelle lærarane mine, og sjølvsagt medstudentar. Vi hadde kollokviegrupper, i desse kunne vi diskutere fag, og avklare ting vi var usikre på. Men den gang var vi avhengig av å møtast fysisk. På den måten hadde PLN ei naturleg avgrensing.

Detter har endra seg drastisk i dag. Eg har sjølvsagt mine gode kollegaer, vi samtalar, diskuterar og lærar av kvarandre.Eg har nære vener og famile som er lærarar, og som bidreg med mykje. I tillegg er eg i fronter og i canvas, der eg møter mange medstudentar, i same situasjon som meg. På facebook er eg medlem av ulike fagrupper, der det kjem nye tips og råd heile tida. På pinterest dukkar det stadig opp nye spanandes ting ein kan gjere i mange ulike fag. I studiet mitt gjennom Høgskulen i Volda har eg for første gong samskrive ei oppgåve i google docs, noko som og var ei spanades og ny oppleving for min del. Som samfunnet og internettet utviklar seg, er eg ikkje i tvil om at mitt PLN kjem til å vokse seg stadig større, det er i grunn berre å freiste å følgje med og henge seg på!

pln

Korleis nytte PLN med elevar?

På barneskulen er nok elevane sitt PLN noko begrensa, som det skal vere for så unge elevar. Det er stort sett berre dei eldste elevane som er medlem av sosiale nettverk, og mobilbruk i skulen er uansett ikkje lov. Men der finst mange grep ein fortsatt kan gjere med elevane. På min skule har alle klasserommene smartboards, der det finst mange gode interaktive undervisningsopplegg. Vi har klassesett med ipadar, der elevane får prøve å skrive i skriveprogram, dei får nytte ulike faglege apper og dei får prøve å søke etter informajon på internett. Ved det sistnevne er det ektra viktig at eg som lærar kjem inn og veiledar elevane på å vere kjeldekritiske, og gjerne gje dei litt veiledning på kor det kan vere lurt å søke. Der finst mange gode filmar  på for eksempel youtube og NRK skole som ein kan syne for elevane for å konkretisere eller utvide undervisninga litt meir. I tillegg er omvendt undervisning ein særs god måte for læraren å nå fram til elevane sine på, vel å merke ved å lage filmane sjølv, og ved å bruke gode og eigna nettstader for nettopp dette. Eit eksempel på det kan vere edpuzzle. Her får lærar redigert filmen som han/ho vil, ein får lagt inn oppgåver undervegs, og ein kan sjå korleis elevane jobbar i undervisningsopplegget.

I det store og heile er det mykje ein kan gjere i skulen med elevane. Eg trur at den viktigaste jobben vi har som lærarar er å veilede elevane våre til å nytte internett på “riktig” måte. Vi må ha eit stort fokus på nettvett og vi må lære dei gode vaner frå starten av.

internet_surfing

 

Kjelder:

https://no.wikipedia.org

http://digitaldidaktikk.no

https://dataskole.wordpress.com

http://plnprosjekt.blogspot.no/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

3 thoughts on “Personlig læringsnettverk (PLN)

  1. Pingback: Kva er kunnskap og læring i dag? | Linda sin studieblogg

Leave a comment